Søknad om sponsorstøtte

 

Stryn Energi deler ut sponsormidlar til frivillige lag og organisasjonar i Stryn Kommune. Vi ønskjer gjennom sponsorverksemda å støtte opp om det rike kulturlivet i regionen. Det er eit stort frivillig arbeid som blir lagt ned innan musikk, sportslege aktivitetar og kultur. Dette er med på å gjere Stryn til ein ”reint triveleg” stad å bu.

Mange frivillige lag og organisasjonar

Her er eit rikt utval av frivillige lag og organisasjonar. Vi vel å støtte dei som primært driv barne- og ungdomsarbeid, men også andre kan få midlar til særskilde tiltak. Idrettslag, skisenter, musikkorps, kor, speidarar, motorsport og ulike arrangement er mellom dei som har fått støtte til aktivitetane sine. Vi har bevisst valt å gje litt støtte til mange, i staden for å gå inn som hovudsponsor til nokre få.

Det vert ikkje gjeve støtte til:

- Politiske parti
- Politiske aksjonar
- Aktivitetar med kommersielt føremål

Fristen for å søkje om sponsormidlar frå Stryn Energi er 31. mars kvart år. I løpet av april /mai vert det inngått avtalar med både store og små lag.







NYTTIGE SKJEMAER

KRAFTMARKED

KVIFOR KRAFT + NETT

Kraft er ei vare som vert kjøpt og seld, prisane vert styrt av noko som kallast kraftbørsen. For deg som forbruker er det her utgangspunktet for prisane vert sett. Vil du vite meir kan du finne meir informasjon her:

Stryn Energi er pålagt å levere nett i eitt bestemt område. Dette er ei teneste som derfor ikke er konkurranseutsett. Kraftleveringa er derimot eit produkt du som kunde kan velgje. NVE sine retningsliner seier at nett og kraft må skillast på to ulike nettsider.