Om Stryn Energi

Om konsernet

Stryn Energi AS vart etablert som kraftkonsern frå 01.01.2007. Det består av morselskapet Stryn Energi AS og dotterselskapet Innvik Kraftverk AS. Alle selskapa er heimehøyrande i Stryn Kommune.

Stryn Energi AS driv produksjon, overføring og omsetnad av elektrisk energi, samt distribusjon av fjernvarme.

Stryn Energi - konsernet har 24 tilsette, omsette i 2017 for ca. 102 mill. kroner og har ein eigenkapital på litt over 102 mill. kroner.

Ulike selskap

Stryn Energi AS

Stryn Energi AS er morselskapet i konsernet. Administrative støttefunksjonar innan økonomi og finans, innkjøp, personale og informasjon er samla i morselskapet, som yter desse tenestene til dotterselskapa.

Stryn Energi AS, Kraft

Stryn Energi Kraft driv med engrossal av energi. Ein har ein marknadsandel på omlag 85% i volum og 90% i antal kundar.

Stryn Energi AS, Nett

Stryn Energi Nett har bygd ut infrastrukturen, og har ansvaret for overføring av all elektrisk energi i vårt forsyningsområde i Stryn Kommune. Stryn Energi eig og vedlikeheld eit energiforsyningsnett med om lag 570 km linjer og kablar, 333 transformatorstasjonar. Det er 4 140 kundar i distribusjonsnettet.

Innvik Kraftverk AS

Innvik Kraftverk vart driftssett 18. mai 2007. Det er eit kraftverk i fjell, med installert effekt på 15,5 MW, og ein prosjektert midlare årsproduksjon på 55 mill. kWh. Selskapet er eigd av Stryn Energi AS (58,82%) Sogn og Fjordane Energi AS (30,00%) og private aksjonærar (11,18%).

Historikk

Stryn kommunale Elektrisitetsverk vart skipa av Nedstryn sokn 17.02.1914. 23.12.1920 vart første kraftstasjonen sett i drift i Markane. I 1969 vart Alda Kraftlag oppløyst og slege saman med Stryn kommunale Elektrisitetsverk.

Frå 1976 overtok ein forsyningsansvaret for abonnentane til Utvik Elektrisitetsverk, som samstundes gjekk over til å vere eit reint produksjonsverk. Frå 1. januar 1996 gjekk den kommunale forvaltnings-verksemda Stryn Energiverk over til aksjeselskapsforma med namnet Stryn Energi AS.

Skipingsmøtet vart halde 4. juni 1996. Stryn kommune eig 100 % av selskapet, med kommunestyret som høgste styringsorgan. Energisjefen har ansvare for den daglege drifta med i alt 21 tilsette.

NYTTIGE SKJEMAER

KRAFTMARKED

KVIFOR KRAFT + NETT

Kraft er ei vare som vert kjøpt og seld, prisane vert styrt av noko som kallast kraftbørsen. For deg som forbruker er det her utgangspunktet for prisane vert sett. Vil du vite meir kan du finne meir informasjon her:

Stryn Energi er pålagt å levere nett i eitt bestemt område. Dette er ei teneste som derfor ikke er konkurranseutsett. Kraftleveringa er derimot eit produkt du som kunde kan velgje. NVE sine retningsliner seier at nett og kraft må skillast på to ulike nettsider.