Markedskommentar

Svekka hydrologisk balanse, men spotpris på nivå med april

Den hydrologiske balansen i Norden har no eit underskot på ca.11 TWh.

Hydbal

I april kom det betydeleg mindre nedbør enn normalt, 28% for Norge og 30% for Sverige. Temperaturen var derimot betydeleg over normalt, og dette ga eit tilsig til dei norske og svenske vassmagasina på 182% av normalen. Sidan snøsmeltinga i år starta tidleg og snømengda totalt sett er låg, betyr det at mai kjem til å gje betydeleg lågare tilsig enn normalt. Starten av mai er kjøleg og prognosane for nedbør og temperatur er framleis under, eller på normalen.

Kolprisar og CO2-prisar dannar grunnlaget for kolkraftprisen. CO2-prisen har auka frå ca. 22€ til 26€ gjennom april. Tilsvarande har kolprisen auka med 2-3%. Med ein svakare hydrologi vil vi vere meir avhengig av import og produksjon frå kolkraftverk, og disse faktorane vil i større grad påverke kraftprisane utover sommaren og hausten.

Systemprisen på Nord Pool blei nesten uendra frå mars til april. Begge månadane blei levert i overkant av 40€. Årsaka til at prisen i april ikkje vart høgare var at det tørre været blei kompensert med snøsmelting og lågare forbruk. Kjølege vêrprognosar og lite snø gir i sum ei forventning om høgare spotprisar i mai enn det vi har sett i april.

Kjernekrafta har vore relativt stabil gjennom april. Rett nok har vi hatt eit snitt på 500MW mindre produksjon i april enn i mars. Dette skuldast at to reaktorar gjekk ut i slutten månaden for planlagde  revisjonar.

Våre prisforventningar framover tilseier at marknaden er omlag rett prisa for resten av 2019. Prisen for resten av året ligg på nesten same nivå som det dagens priser. Derimot ventar vi vidare prisoppgang på årskontraktene frå 2020 og utover.  Endring i hydrologi og/eller endring i kol og CO2 prisar kan endre dette bildet relativt raskt.

NYTTIGE SKJEMAER

KRAFTMARKED

KVIFOR KRAFT + NETT

Kraft er ei vare som vert kjøpt og seld, prisane vert styrt av noko som kallast kraftbørsen. For deg som forbruker er det her utgangspunktet for prisane vert sett. Vil du vite meir kan du finne meir informasjon her:

Stryn Energi er pålagt å levere nett i eitt bestemt område. Dette er ei teneste som derfor ikke er konkurranseutsett. Kraftleveringa er derimot eit produkt du som kunde kan velgje. NVE sine retningsliner seier at nett og kraft må skillast på to ulike nettsider.