Innføring av Elhub – kva betyr det for deg som straumkunde?

Elhub er kraftmarknaden sitt nye datanettverk. Det skal i drift 18. februar 2019. Elhub skal sørge for effektiv utveksling av måleverdiar og kundeinformasjon, og gjere kvardagen din som straumkunde enklare. Her finn du ein oversikt over kva innføring av Elhub vil bety for deg som straumkunde, både under og etter lansering.

  • Frysperiode ved lansering av Elhub: 30.01.2019 – 20.02.19:
    Byte straumleverandør: Du kan bestille straum akkurat som før, i frysperioden, men oppstart av straumleveringa vil skje etter lansering av Elhub.
  • Flytting: Flytting melder ein som vanleg i frysperioden, men vil også blir behandla først etter at Elhub er lansert.

Etter lansering av Elhub 18.02.2019:

  • Flytting: etter innføring av Elhub er det berre straumleverandøren din du skal kontakte ved flytting – ikkje netteigar.
  • Din kontaktinformasjon: det er straumleverandøren som skal halde kontaktinformasjonen din oppdatert, og sjå til at oppdateringar vert meldt vidare inn i Elhub. Rett informasjon går så vidare via Elhub til m.a. nettselskapa. På den måten får du som straumkunde berre ein aktør å forholde deg til.
  • Spørsmål om faktura og forbruk: straumleverandøren blir ditt kontaktpunkt når det gjelder spørsmål om straum- og nettleigeavtale, faktura og forbruk. Netteigar kontaktar du berre ved spørsmål direkte knytt til ditt straumanlegg (nytilknyting/endring av straumanlegg, ved straumbrot etc.)

Kva er Elhub?

Elhub er ein nøytral datahub (datanettverk) som vil handtere alle måledata og marknadsprosessar i den norske kraftmarknaden. Det vil vere standardiserte grensesnitt for meldingsutveksling som vil føre til at alle marknadsaktørar berre treng å forholde seg til ein part. Elhub vil ta imot og prosessere innkomande meldingar, og deretter generere meldingar i retur til innsendar og relevante partar. I samsvar med ei rekke valideringsreglar vil derfor marknadsaktørane innan kort tid ta i mot informasjon om for eksempel gjennomførte leverandørbytte, endring av grunndata og måleverdiar for produksjon og forbruk i Norge.

Kvifor Elhub?

  • Effektiv distribusjon av måleverdiar, med høgare kvalitet. Innføringa av Elhub vil bidra til effektiv distribusjon av måleverdiar med høg kvalitet og utnytting  av det teknologiske potensialet som ligg i AMS (Avanserte Måle- og Styringssystem), både for nettselskap, leverandørar og sluttkundar.
  • Effektiv avrekning. Elhub bereknar underlag for avrekning, på ein stad og på same måte, uavhengig av nettselskap.
  • Effektiv handtering av marknadsprosessar. Det vil vere både tids- og kostnadsinnparing ved at ei rekke oppgåver blir sentralisert i huben, som aktørane tidlegare har hatt ansvar for. Forretningsprosessar, som for eksempel leverandørbytte, vil bli enklare. Elhub blir m.a. ansvarleg for purringar og oppfølging av prosessar som tidlegare har vore utført av kvar kraftleverandør. Marknadsprosessar vil bli gjennomført raskare og med høgare kvalitet då dei i større grad er automatiserte.
  • Lågare terskel for nye aktørar. Med Elhub har kvar aktør eitt grensesnitt å forholde seg til. Tredjeparts-aktørar har ein stad å hente data.
  • Auka nøytralitet. Alle aktørar blir likebehandla og har tilgang til data på same vilkår.
  • Enklare vidareutvikling av kraftmarknaden. Endringar bli gjennomført på ein stad. Elhub er tilrettelagt for ein leverandørsentrisk marknadsmodell og nordisk harmonisering av sluttbrukarmarknaden.
  • Betra personvern og sikkerheit. Elhub har høg innebygd sikkerheit. Alle meldingar er krypterte og tilgang til data er avgrensa.

Elhub web plugin

For deg som straumkunde vil det bli tilrettelagt ei løysning der du sjølv skal kunne logge inn på Elhub og sjå dine måleverdiar og anna informasjon. Løysninga er ikkje lansert enno, men du finner meir informasjon om Elhub web plugin her.

NYTTIGE SKJEMAER

KRAFTMARKED

KVIFOR KRAFT + NETT

Kraft er ei vare som vert kjøpt og seld, prisane vert styrt av noko som kallast kraftbørsen. For deg som forbruker er det her utgangspunktet for prisane vert sett. Vil du vite meir kan du finne meir informasjon her:

Stryn Energi er pålagt å levere nett i eitt bestemt område. Dette er ei teneste som derfor ikke er konkurranseutsett. Kraftleveringa er derimot eit produkt du som kunde kan velgje. NVE sine retningsliner seier at nett og kraft må skillast på to ulike nettsider.