Skuleinformasjon

DLE gjennomfører årleg undervisning for 6. og 9. klasser ved alle skular i forsyningsområdet.
Dette er to timar gratis informasjon og undervisning som dei aller fleste skulane nyttar seg av.

Undervisningsopplegget er basert på Brannvettskolen.no, nettundervisning for grunnskulen og eige opplegg. Dette handlar om el-tryggleik og branntryggleik i heimen og spesielt om bruk av elektriske apparat. Over 40 prosent av bustadbrannar har samanheng med elektrisitet, enten teknisk feil på utstyr og installasjonar eller feil bruk av elektriske apparat.

NYTTIGE SKJEMAER

KONTAKT OSS

KVIFOR KRAFT + NETT

Har du spørsmål til noko som du ikkje finn informasjon om på våre nettsider? Kontakt oss på telefon 57 87 36 00 eller post@stryn-nett.no

Stryn Energi er pålagt å levere nett i eit bestemt område. Dette er ei teneste som ikkje er konkurranseutsett. Kraftlevering er derimot eit produkt du som kunde kan velgje. NVE sine retningsliner tilseier at nett og kraft må skillast på to ulike nettsider.