Kontroll av bustad

DLE gjennomfører årleg mange kontrollar av elanlegga i bustader, gardsbruk og næringsbygg i vårt forsyningsområde.

Eksempelet under beskriv ein kontroll av ein vanleg bustad.

Det er ein stor fordel at kunden deltek under kontrollen. På den måten får ein snakka om det som evt. blir påvist av feil, og bakgrunnen for at utbetring må føretakast.

 

Representanten frå tilsynet "følgjar straumen" frå inntaket, gjennom sikringsskapet og kursane fram til tilkopla apparat og utstyr.

Inntaksboksen:

  • rette sikringar, ev. varmgang

Sikringsskapet:

  • isolasjonsfeil (jordfeil)
  • korrekt merking og riktige sikringar på kursar
  • berøringsbeskyttelse (at sikringane kan betenast utan at ein får straum)
  • jording (hovudjord og utjamningsforbindelsar)
  • ev. varmgang, eks. brente botnskruar
  • lause koplingar

Den faste installasjonen:

  • punkt med krav om jording
  • at det ikkje er blanda jorda og ujorda installasjon
  • at alle kablar og leidningar er festet
  • at kablar og utstyr som t.d. brytarar og stikkontakter ikkje er skadde
  • at det ikkje er varmgang i brytarar, koplingsboksar, stikkontakter osv. (visuell kontroll)

Tilkopla utstyr:

  • at varmeomnar ikkje er tildekt
  • at utstyr ikkje er tilkopla med skøyteleidning

Etter kontrollen:

  • Rapport vert skriven og sendt til kunden. Dersom kontrollen ikkje har avdekka feil/manglar, vil det gå fram av rapporten og saka vert avslutta.
  • Dersom kontrollen har avdekka feil/manglar, vert det sett ein frist for utbetring (førehandsvarsel). Ved nyinstallasjonar vert det sendt kopi av rapporten til utførande elektroinstallatør.
  • Kunden kontaktar elektroinstallatør, som bekreftar kunden si bestilling på e-post.
  • Elektroinstallatør retter påpeikte feil/manglar, beskriv rettingsarbeidet og sender rapporten til DLE.
  • Rettingsarbeidet vurderast og rapporten godkjennast.

Dersom kunden ikkje bestiller utbetring av rapporten innan fristen, vert det sendt eit pålegg med en ny frist for utbetring.
Om dette pålegget ikkje vert følgd opp, sender DLE ut purring.
Dersom purringa ikkje vert følgd opp, kan anlegget bli stengt og saka oversendes Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) for vurdering av tvangsmulkt med heimel i lov av 24.mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, § 13.

NYTTIGE SKJEMAER

KONTAKT OSS

KVIFOR KRAFT + NETT

Har du spørsmål til noko som du ikkje finn informasjon om på våre nettsider? Kontakt oss på telefon 57 87 36 00 eller post@stryn-nett.no

Stryn Energi er pålagt å levere nett i eit bestemt område. Dette er ei teneste som ikkje er konkurranseutsett. Kraftlevering er derimot eit produkt du som kunde kan velgje. NVE sine retningsliner tilseier at nett og kraft må skillast på to ulike nettsider.