Det lokale elektrisitetstilsyn (DLE)

Det lokale elektrisitetstilsyn (DLE)

Nettselskapa er med heimel i Tilsynslova pålagt å føre tilsyn innanfor sine forsyningsområde.
Det lokale el-tilsynet, DLE, er ein del av det offentlige tilsynsapparatet for el-sikkerheit. Retningslinjer for arbeidet er gjeve av Direktoratet for samfunnssikkerhet- og beredskap (DSB).

DSB er den sentrale myndigheita som forvaltar områda el-tryggleik og sikkerheit ved produkt og forbrukartenesta.

Det formelle grunnlaget for DSB si verksemd, er lov om tilsyn med elektriske installasjonar og elektrisk utstyr, og Produkt-kontroll-lova.
DSB er administrativt underlagt Justisdepartementet, og rapporterar dit når det gjelder el-tryggleik og sikkerheit ved produkt og forbrukartenesta.

Generelt om Det Lokale Eltilsynet (DLE)

  • er ein del av nettselskapet (nettselskapet har tilsynsansvaret)
  • er fagleg lagt under Direktoratet for samfunnssikkerhet- og beredskap (DSB)
  • fører tilsyn med alle elektriske lågspentinstallasjonar som er knytt til  nettselskapet sitt forsyningsanlegg
  • fører tilsyn med omsetninga av elektrisk utstyr innanfor nettselskapet sitt forsyningsområde
  • utfører sitt tilsyn etter instruksar frå DSB og er pålagt å rapportere til DSB om planlagde tilsyns aktivitetar og resultat
  • DLE er pålagt å samarbeide med og koordinere sitt tilsyn med andre f. eks Arbeidstilsynet og Brannvernet.

Forsyningsområdet er Stryn

Besøk vår portal for elsikkerheit. Du finn all informasjon om elsikkerheit samla på ei side

Stryn Energi har ein eigen DLE kontakt.

Spørsmål ved rapportar, kontrollar osv. skal rettast til

dle@stryn-energi.no             tlf: 986 76 183

DLE kontakt : Paul Arne Fjerdingren Tlf: 986 76 183

DLE har som mål å redusere tal skadar og ulykker som føl av elektrisk straum, for alle kundar.
DLE arbeider i samsvar med årlige instruksar frå DSB. På bakgrunn av instruksverket utarbeidast planer tilpasset forholda i nettselskapets tilsynsområde/forsyningsområde.. Frå 1. juli 2007 er det fastsett ei eiga forskrift om lokalt el-tilsyn.

NYTTIGE SKJEMAER

KONTAKT OSS

KVIFOR KRAFT + NETT

Har du spørsmål til noko som du ikkje finn informasjon om på våre nettsider? Kontakt oss på telefon 57 87 36 00 eller post@stryn-nett.no

Stryn Energi er pålagt å levere nett i eit bestemt område. Dette er ei teneste som ikkje er konkurranseutsett. Kraftlevering er derimot eit produkt du som kunde kan velgje. NVE sine retningsliner tilseier at nett og kraft må skillast på to ulike nettsider.