Temperatur auke førte til prisfall på straum i februar.

mandag 4. mars 2019

Nedbør og vind var relativt normalt i februar, men temperaturen steig kraftig ei god veke ut i månaden til betydeleg mildare enn normalt. I Norge var temperaturen i gjennomsnitt for heile februar 3,8 grader varmare enn normalt. Temperaturauken gav lågare straumforbruk grunna redusert oppvarmingsbehov. Samtidig førte mildværet til at snøsmeltinga starta brått i fjella, og tilsiga til nordiske vasskraftmagasin auka raskt til over det dobbelte av det normale for årstida. Magasinfyllinga betra seg altså gjennom februar, mens reduksjonen i snømagasina var tilsvarande gjennom ei mykje tidlegare vårsmelting enn normalt. Temperaturane fall mot slutten av månaden og tilsiga til vasskraftmagasina har no i stor grad normalisert seg.

Når vi går inn i mars månad vil normaltemperaturen stige raskt, i tillegg til at solinnstråling for alvor tek til å gjere seg gjeldande som oppvarmingskjelde på dagtid. Sjølv om mars og april også kan være månader som er kaldare enn normalt, vil dei svært sjeldan belaste kraftsystemet på same måte som ein kald januar eller februar månad. Prognose om høge temperaturar ut februar vart varsla allereie tidleg i månaden. Dette fjerna frykta for ein kald vinter blant kraftprodusentane og viljen til å spare på magasinvatn vart noko lågare som følgje av dette. I tillegg auka kraftproduksjonen mykje som følgje av auka elvekraftproduksjon i samanheng med snøsmeltinga.  

Dette var med på å gje eit betydeleg fall i straumprisane i februar. Systemprisen på Nord Pool Spot fall med heile 7,9 øre per kWh, 17,7%, frå januar til februar. Utanlandskabelen mellom Norge og Nederland har vore ute av drift store delar av februar, og dette er ein kabel som det stort sett blir  eksportert kraft frå Norge gjennom. Dette har ført til at vi har betydeleg meir import enn eksport av kraft i februar. Netto import frå utlandet til Norge i februar var på ca. 540 GWh (540 000 000 kWh). Det er kablane frå Norge til henholdsvis Sverige og Danmark importen primært har skjedd på. Kjernekraftproduksjonen fall i februar grunna tekniske problem ved ein av reaktorane på det svenske atomkraftverket Ringhals.

Kolprisar og CO2 prisar som set grunnlaget for kolkraftprisen varierte gjennom februar og inn i mars. I sum er den noko lågare no enn ved inngangen av februar, men både kol og CO2 er i stigande pristrend no. Med Nordens svekka vasskraftressursar vil kolkraftprisane ha stor påvirkning på straumprisane utover året. Spesielt CO2 prisen kan vere vanskeleg å forutsjå, sidan den varierer mykje på politiske signal. Utfallet av Brexit vil m.a. ha betydning for kva retning vi ser på CO2 prisen framover.

Prisforventningane på straum for resten av 2019 har falle vesentleg i februar. Sjølv om været betra situasjonen og dermed prisbildet i februar kan vi nok fortsatt vente forholdsvis høge straumprisar i 2019 samanlikna med siste 10 år. Fortsatt er magasinfyllinga noko dårlegare enn normalt for årstida i Norden, mens det er betydelig mindre snø enn normalt i alle regionar. Årets vårsmelting kjem derfor ikkje til å fylle opp magasina like mykje som normalt. Omrekna i energi så har vi totalt 12 500 000 000 kWh mindre snø og grunnvatn i Norge og Sverige enn normalt no. Det skal altså ganske mykje nedbør til for å betre vasskraftsituasjonen i Norden for tida.

NYTTIGE SKJEMAER

KRAFTMARKED

KVIFOR KRAFT + NETT

Kraft er ei vare som vert kjøpt og seld, prisane vert styrt av noko som kallast kraftbørsen. For deg som forbruker er det her utgangspunktet for prisane vert sett. Vil du vite meir kan du finne meir informasjon her:

Stryn Energi er pålagt å levere nett i eitt bestemt område. Dette er ei teneste som derfor ikke er konkurranseutsett. Kraftleveringa er derimot eit produkt du som kunde kan velgje. NVE sine retningsliner seier at nett og kraft må skillast på to ulike nettsider.